161 skuleelevar er med på Sommarles

At dagens barn berre er interessert i Ipad og mobil? Gløym det. På biblioteket i Nord-Fron opplever dei god pågang i skueelevar som vil vere med på kampanja Sommarles.

Otilie Skogstad Øybrekken er glad i å lese bøker. Mette Hattestad håper fleire gjer som Otilie og blir med på årets Sommarles. Kampanja avsluttast med trylleshow i september. Foto: Privat.  Foto: Privat

Nyheter

Sommarles starta 1. juni og varer ut august. Dette er ei kampanje som skal gjere lesing ekstra artig. Den er nettbasert, og for kvar bok deltakarane les, får dei poeng. Ein kan også delta i konkurransar og vinne premiar.


Aina og Sinella fikk storfangst av sløyfer og bånd: - Neste år håper jeg å gjøre det enda bedre

Etter helgas Dølahestmesterskap på Alvdal, kunne Aina Skansgård Kolobekken og hesten Sinella fornøyd returnere til Vinstra med hele seks premiesløyfer og bånd for ”beste utstillingspremierte hoppe”.

 

Får kodeord

Ei av dei som er ein ivrig sommalesdeltakar, er Otilie Skogstad Øybrekken. Ho er ofte på biblioteket for å låne bøker, og også for å sjekke nytt kodeord til årets sommarlesforteljing, som ligg ute på nett.

– Nytt kodeord heng vi opp kvar måndag, for da blir eit nytt kapittel i fortelinga lagt ut, fortel Mette Hattestad.

– Eg synes det er artig å vera med på Sommarles og få premiar undervegs. Eg les både for meg sjølv, for veslesytra mi på tre år, til mamma og pappa og til venninner, fortel Otilie. Favorittbøkene hennar er Detektivbyra nr. 2 av Jørn Lier Horst.

I sommar skal Otilie på ferietur med campingvogn.

- Da skal eg ha med meg fullt med bøker, forsikrar ho.

– Det er berre å blir med på Sommarles, det er ikkje for seint, seier Hattestad.


Uka da elevene fikk være med på en litt annerledes skole: Yrende liv på friluftsskolen

Den norske tursitforeningen (DNT) sørger denne uka for at en flokk med elever får lære gjennom fysisk aktivitet og i frisk luft.