Kolsramma Bjørg pustar for livet og kjempar ein viktig kamp: - For meg er Granheim staden som gir nytt livsmot

Bjørg Haave frå Ringebu har hatt kols i 20 år. Nå kjempar ho ein hard kamp for å behalde Granheim lungesjukehus som ein, slik ho ser det, livsviktig behandlingsstad. Staden er meint å leggast ned frå januar neste år.

Bjørg Haave legg ikkje skjul på at livet kjennes tøft ofte. Ho beskriv Granheim lungesjukehus som heilt fantastisk, ein stad som gir ny livsenergi. – Eg kan ikkje forstå kva som skal vere godt med å legge dette ned, seier ho.   Foto: Tone Sidsel Sanden

Nyheter

– Eg fekk heilt sjokk da eg høyrde det. Gnisten forsvann heilt. Granheim betyr så mykje for meg, for så mange. Det kan ikkje erstattast, seier Bjørg.