- Uttala er vanskeleg for mange

Men det er etternamnet til Evy-Helen det har vore mest blest om.

  Foto: Privat

Namnedagar den neste veka

Evy, Yvonne og Yasmin - Evy kjem frå av Eva eller Evelyn, Yvonne er feminin form av Yvon eller Yves og Yasmin har opphav frå persisk «jasamin», sjasmin.

  • Fredag: Ronald og Ronny
  • Laurdag: Lorents, Lars og Lasse
  • Sundag: Torvald og Tarald
  • Måndag: Klara og Camilla
  • Tysdag: Anny, Anine og Ann
  • Onsdag: Mari, Marit og Marte
Nyheter

Evy-Helen Solskjær frå Ruste visste vagt om namnedagen, men det er etternamnet som skapar mest blest.

– Veit du noko om korleis du fekk namnet?

– Eg er oppattkalla etter besteforeldre både på mor- og farsida. På farsida Evelyn og Erik og på morsida Helga og Hans. Eg tykkjer det er koseleg, å vera eit ledd i rekka på den måten.

– Evy er eit greit namn?

– Ja, men uttala er vanskeleg for mange. Eg seier sjølv Evy, det er med ein v, men har lett for å bli «Evvy», sjøl for vener. Eg er ikkje verre på det enn at eg lyer det heller, da. Og så er det stavinga; det har vore både Ewy og Evvie, litt forskjellig.

– Men da du var yngre var etternamnet ditt ettertrakta?

– Ja, det er i alle fall kjent. Da eg var 16-17 år, og Ole Gunnar Solskjær var på toppen av karriera, høyrde eg ofte «Kjenner du han! Kan du få tak i autografen?» frå alle fotballinteresserte smågutar.

– Og det er same slekta?

– Fire eller femmenning, trur eg. Det var tett nok for fans! Sjøl var eg alt for sjenert til å snakke med han den gongen han var i Kåja. Men vi fekk ordna autograf til dotter mi, da.

– Du har ein kreativ hobby?

– Ja, eg målar, og mange stader rundt om på Vinstra heng postkasser med motivmåling frå meg.

– Ferie?

– Eg har att ei veke i midten av august, og kan greie meg godt utan veldig varmt vær. Rundt 20 held!