- Eit talent for framtida

Folkemusikar Rasmus Kjorstad satsar for fullt som musikar framover. Laurdag fekk han Øivind Berghs minnepris, saman med Helga Myhr.

Prisvinnarar: Rasmus Kjorstad og Helga Myhr spelte begge i samband med utdeling av Øivind Berghs minnepris laurdag.  Foto: Silje Josten Lien

Pris: Folkemusikaren er særs nøgd med å få pris på heimebane.  Foto: Silje Josten Lien

Nyheter

- Det var veldig stas, det er veldig fint å dele med Helga. Som musikar søker ein mykje for å få støtte, stipend og liknande, så plutselig får du ein pris du ikkje visste du kunne få, det er stort, seier Rasmus Kjorstad.

I år er det 30 år sidan Øivind Bergh sin minnepris var delt ut for fyrste gong. I tillegg til Kjorstad, fekk også hardingfelespelar og kvedar Helga Myhr pris. Ho kjem frå Ål i Hallingdal og også ho avslutta studiene ved Norges musikkhøgskole denne våren.

Prisen skal gå til unge, lovande fiolinistar, og dei to vinnarane får 25 000 kroner kvar i prispenger.

- Mykje speling og jobb

- Desse to er begge talent for framtida, og dei står klare til å ta sats opp på den "folkemusikalske stjernehimmelen", lydde deler av introduksjonen frå scena.

Kjorstad fullførte i vår folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole i Oslo.

- Nå framover skal eg arbeide som frilansmusikar. Det er mykje speling og jobb, men det er det jo med det meste, det går fint, seier sørfrøningen.

Begge prisvinnarane spelte på scena etter prisutdelinga. Kjorstad hadde valt ein lokal springleik, som publikum tydeleg satte pris på.

- Springleikar etter Iver Storodden er noko av det beste vi har i Gudbrandsdalen, det er viktig å bruke musikk frå der ein kjem frå, i tillegg til at det jo er veldig bra.

Heilt sidan ungdomsskulealder har Kjorstad interessert seg for slåttespelet og historiene knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen.


Øivind Bergh sin minnepris
  • Øivind Bergh var fiolinist og dirigent. Han var mellom anna delaktig i etableringa av Kringkastingsorkesteret og var dirigent for orkesteret i 30 år.
  • Prisen har sidan 1989 vorte delt ut i samband med Peer Gynt-stemnet på Vinstra.
  • Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta.
  • Blant tidlegare mottakarar er Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Sonoko Miriam Welde. 

Årleg

I 2016 kom plata «Pusinshi Ulla», som Kjorstad gav ut saman med bror Hans P. Kjorstad. Året etter stod dei to brørne, saman med Hans Hulbækmo og Anders Erik Røine, bak tingingsverket «Reolô».

Kjorstad er med i folkemusikkbandet Morgonrode, som slapp debutplata si i vår, og i bandet til Torgeir Vassvik, som kom med plate i sommar.

Prisen vert delt ut i samband med Peer Gynt-festen på Vinstra.

Juryen består av representantar frå familien Bergh, Kringkastingsorkesteret, FolkOrg og Peer Gynt AS.


- Det er en stor dag

Årets Peer, Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal, sier de er stolte over å komme i selskap med mange store navn, når de lørdag får utdelt prisen.