Desse slagorda går partia til val med

Slagorda partia tar med seg inn i valkampen, blir mellom anna beskrivne som lite ambisiøse, føreseielege og ikkje særleg vellykka.

Slagord: Slagord frå dei ulike partia i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019.  Foto: Lise Åserud/ NTB scanpix

Nyheter

– Desse slagorda er ikkje laga for å flytte stemmer. Det er stemmesamlande retorikk. Dei prøver å finne noko som fungerer for flokken sin, seier retorikkekspert Andreas Birger Johansen til NTB.

Han meiner slagorda stort sett er kjedelege, føreseielege og lite modige.

– Men samtidig er det nesten umogleg å lage gode, dekkande slagord for dei store partia, seier han.

– Lettare for dei små å vere tydelege

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning utdjupar:

– Det er kanskje lettare for dei små partia å vere tydelege, enn for Ap og Høgre som har ein breiare profil. Eg synest ikkje dei store partia har lykkast særleg godt, seier han.

NTB har bedt dei to ekspertane bedømme slagorda partia har valt for valkampen i haust. Her er vurderingane:

«Sterkare fellesskap» – Arbeidarpartiet

Bergh: – Det er eit greitt slagord som sikkert liknar på ting Ap har hatt tidlegare. Det er veldig generelt, men peikar i ei politisk retning sidan det handlar om fellesskap i klassisk Arbeidarparti-stil.

Johansen: – Det er ganske abstrakt. Det representerer på ein måte tryggleik og solidaritet sånn som Arbeidarpartiet ønsker å vere, men er på ingen måte spennande og seier ikkje noko om kva dei vil oppnå med det sterke fellesskapet.

«Vi trur på Noreg» – Høgre

Bergh: – Dette synest eg er intetseiande. Kva er alternativet? At ein ikkje trur på Noreg? Det har heller ikkje noko tydeleg politisk innhald.

Johansen: – Denne kunne jo eigentleg vore brukt på alle partia. Men slagordet har òg ein ekstra hale som Høgre brukar, «Vi trur på Noreg – fordi vi trur på deg ». Med halen skil det seg litt ut ved at det vender seg direkte til meg som veljar, og viser noko av Høgres ideologi om trua på individet.

«Ein enklare kvardag for folk flest» – Framstegspartiet

Bergh: – Dette er heilt sikkert noko som fungerer for Frp. Det gir ei politisk retning om at ein ønsker ein enklare kvardag med mindre byråkrati.

Johansen: – Denne treffer sikkert bra hos veljarane deira. Men slagordet er veldig lite ambisiøst på Noregs vegner. Vi bur i eitt av dei rikaste landa i verda, i ein trygg og fredeleg del av verda, og dei snakkar om å lage ein endå enklare kvardag.

«Nær folk i heile Noreg» – Senterpartiet

Bergh: – Eit slagord som fungerer. Det viser kva Senterpartiet står for og at dei er opptatt av å gi folk offentlege tilbod der dei bur og å ta vare på folk i distrikta.

Johansen: – Veldig føreseieleg. Det er litt sånn frykt for å ekskludere nokon. Dei seier heile Noreg, men Sp er jo først og fremst er eit parti for folk i distrikta.

«For dei mange, ikkje for dei få» – SV

Bergh: – Eg synest det er ganske diffust. Det peikar vel òg i retning av fellesskapet, men det er ganske uklart kva det betyr.

Johansen: – Det er eit morosamt slagord fordi SV faktisk tør å støyte nokon frå seg. Partiet er ikkje for «dei få». Når SV seier det, les eg den vesle økonomiske eliten. Inga overrasking der, altså.

«Saman for eit varmare samfunn» – KrF

Bergh: – Eit slagord som passar for partiet. Det viser til den biten av KrF som mange veljarar kan sympatisere med. Eit bra slagord.

Johansen: – Vanskeleg å vere mot det. Dei meiner kanskje samfunnet har vorte for kaldt. Men KrF er vel ikkje tradisjonelt det mest inkluderande partiet? Ta til dømes partileiar Ropstad, som ikkje ville gå i Pride-paraden. Då blir det ganske holt. For meg blir det varmare samfunnet dei vil lage ganske klamt.

«På lag med framtida» – Venstre

Bergh: – Igjen eit litt intetseiande slagord. Kva er alternativet? At ein skal vere på lag med fortida? Det har ikkje noko særleg politisk innhald og fungerer dårleg.

Johansen: – Slagordet kunne jo tilhøyrt kva parti som helst. Det er no i alle fall framoverretta. Men preglaust.

«Fordi fellesskap fungerer» – Raudt

Bergh: – Det liknar litt på Aps slagord, men det er kanskje litt uklart til Raudt å vere, sidan dei er eit veldig tydeleg ideologisk parti. Men det er kanskje meininga òg.

Johansen: – Det språkleg sett finaste slagordet, med bokstavrim og greier, men det er veldig abstrakt og fungerer ikkje kjempegodt. Ein skulle tru at Raudt, som er eit såpass lite parti, kunne vere mykje kvassare.

«For menneske og miljø» – MDG

Bergh: – Eit parti som har ein tydeleg profil, noko som også kjem fram i slagordet. Det fungerer.

Johansen: – Nokså konkret. Det einaste slagordet, i tillegg til FNB, som tør å prioritere ei enkeltsak. MDG er eit døme på at det er lettare å vere tydeleg når ein er liten, enn det er for dei svære, etablerte partia.

«NOK ER NOK! NEI TIL MEIR BOMPENGAR!» – FNB

Bergh: – Veldig tydeleg. Formidlar sinne og irritasjon mot bompengar og passar godt saman med partiet.

Johansen: – Veldig konkret. Går rett på sak.