Stopp i togtrafikk ved Kvam stasjon: Er i sluttfasa på arbeidet med nytt kryssingsspor

Frå 03.50 laurdag 17. august til klokka 03.00 måndag 19. august, vil det ikkje gå tog forbi Kvam stasjon på Dovrebanen.

Arbeidet med å forbetre og legge nytt kryssingsspor ved Kvam stasjon er nå i sluttfasen.  Foto: Bane Nor

Nyheter

I dette tidspunktet blir det lagt inn nye sporvekslar både i sør ved den gamle planovergangen og i nord like ved brua.

I tillegg blir det jobbing med å justere sporet slik at toga kan passere med minimal støy og slitasje. Til dette arbeidet brukast pakkmaskinar for å få pukken godt på plass slik at sporet ligg riktig. Samtidig blir skinner kappa og sveiste, masser blir skifta ut og gamle kontaktleidningsanlegg blir rive.


Stort, tungt og klart for Kvam stasjon - får krysningsspor til 115 millioner kroner

Tirsdag morgen rullet fire store og tungt lasta trailere inn til anleggsområdet ved Kvam stasjon.


Bane Nor ser for seg å bruke omlag ein månad til på arbeidet i Kvam.  Foto: Bane Nor

 

I sluttfasen

Dette fortel kommunikasjonsrådgjevar i Bane Nor, Kjersti Bruheim til Dølen.

- Arbeidet vil pågå heile døgnet denne helga. Det betyr ein del støy då pakkmaskinar og gravemaskinar må jobbe natt og dag for å bli ferdige før toga skal byrje å gå att. Vi er leie for dei ulempene dette vil føre med seg. Arbeidet vil, så langt som råd er, bli lagt opp for å minimere støy på ugunstige tidspunkt. Særleg omsyn vil bli teke i innsovingsperioden mellom 23.00 og 01.00, seier ho.

Vy set opp buss for tog medan arbeidet pågår.

Planen er at arbeidet med å forlenge og forbetre eksisterande kryssingsspor skal fortsette i fire veker framover.

- Farten er da sett ned gjennom Kvam, og ein togekspeditør vil vere på plass på stasjonen for å sjå til at alt går som det skal, fortel Bruheim, som bekreftar at Bane Nor nå er i sluttfasen på arbeidet.

- Sporet, som i dag er 517 meter langt, skal få ei lengd på 881 meter. Dermed kan to lange godstog (inntil 690 meter) køyre inn på stasjonen i kvart sitt spor og krysse kvarandre.

Dette aukar kapasiteten for godstrafikk på Dovrebanen.

- Når anlegget er ferdig er det gjort vesentlege grunnarbeider, det er lagt nytt kontaktleidningsanlegg og nye føringsvegar for kablar. Gamle master er rive ned, og nye er sett opp. Det er også gjort ei oppgradering av lågspent-, tele- og signalanlegg, kan Bruheim fortelje.


Innfører sikringstiltak ved farlig jernbanovergang

På jernbaneovergangen ved garden Vik i Kvam har det vært flere ulykker.