Ein person sjekka ut av saka - har status som vitne

To personer vart pågripne i drapssaka torsdag. Nå er den eine sjekka ut av saka.

Ein person er nå sjekka ut av saka, og har fått status som vitne.   Foto: Bjrøn Berget

Nyheter

Dette opplyser politiet fredag formiddag.

Personen som nå er sjekka ut av saka har status som vitne. Den andre personen er sikta for grov kroppsskade med døden til følge.

Personen som er sjekka ut er i midten av 20-åra. Personen som er sikta er i midten av 30-åra.

Politiet er i gang med etterforsking av saka og har fått bistand av Kripos mellom anna med tekniske undersøkingar.

Den døde blir obdusert.


En eldre mann funnet drept på Vinstra - to personer er pågrepet og siktet i saken

Politiet har pågrepet to personer i forbindelse med dødsfallet.

 

Bistår dei pårørande

Politiet er i tett dialog med Nord-Fron kommune, og kommunalt kriseteam er oppretta for å bistå dei pårørande.

Ordførar Rune Støstad seier til Dølen fredag at saka pregar lokalsamfunnet og at hendinga var eit sjokk.

- Det er ein svært tragisk situasjon. Tankane mine og våre går til  dei som er råka på ein eller annan måte, seier han.

Politiet skal klokka 13.00 fredag halde ei presseorientering. Lensmann Jon reidar Gaarden, etterforskingsleiar Svein Morten Laingen og politiadvokat Lars Rune Ringvik vil vere tilstades, informerer politiet.