Ap møter kritikk frå andre parti for solostand på Byfesten

Nord-Fron arbeidarparti var som einaste parti på plass med valstand i folkemylderet ved Sødorptunet. Dei sto også saman med resten av partia, på felles tilvist plass ved Vinstra handelspark.

- Vi let oss ikkje lure to gonger, seier Kristian Ekre (Krf) og Gerd Aasmundstad (Sp), som sto på stand der Byfestkomiteen hadde tilvist plass for politisk valkamp i programmet.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Fleire reagerte på at Ap braut  med tilvisinga arrangøren av Byfesten hadde lagt opp til, særleg fordi det var langt fleire folk ved Sødorptunet enn ved handelsparken. Senterleiar ved Sødorptunet og 2. kandidat på Ap si liste i Nord-Fron, Anne Marie Olstad, avviser påstandar om ulik behandling.