Valomat for dei unge

Kva for parti held du med?

Finn ut kva for parti du er mest einig i.
Nyheter

Du er kanskje ikkje gammal nok til å røyste ved kommune- og fylkesvalet 9. september, men meiningar har du sikkert likevel. Dessutan er det berre sunt å setje seg inn i kva politikk eigentleg handlar om.

Dette valomatet for barn og unge let deg lære om aktuelle politiske saker og finne ut kva du meiner om dei. Slik kan du finne ut kva for parti du bør halde med.

Merk at dette valomatet ikkje tek omsyn til lokale saker, å tenesta er levert av nasjonale aktørar. Dermed er heller ikkje tverrpolitiske lister representerte.

"Barnas valgomat" er levert av NTB, Nynorsk pressekontor og Altinget.