Viktig med riktig e i Brede

Bildetekst: Dette er en bildetekst som kan gå over tre linjer som her. 

Nyheter

Brede Asbjørn Hovden (31) frå Sør-Fron har ikkje akkurat for vane å feire namnedagen.

–Visste du om namnedagen din?

–Det gjorde eg ikkje, og det er nå berre så vidt eg feirar bursdag også, så det blir nok ikkje noko markering, nei.

– Veit du noko om korleis du fekk namnet ditt?

– Ikkje Brede, i alle fall. Men mellomnamnet mitt er oppattkalling etter bestefar.

– Har du vore nøgd med namnet ditt?

– Ja, det er ikkje så mange som heiter det same, og det er jo fint å har eit litt anna namn. Det er ganske sjeldan, men eg kjenner til fleire da.

– Uttala er du litt nøye på?

– Ja, eg seier jo Brede, viktig med den litt breie e’en frå fronsmålet, og den er det ikkje alle som greier

– Kva gjer du til vanleg?

– Eg jobbar på kiosken på Peer Gynt-senteret, og har faktisk vore der i sju år. Det beste med jobben er eigentleg at eg møter mykje folk.

– Kva driv Brede med elles?

– Eg er jo litt nerd, da litt nerd, så det blir mykje tid på dataen. Det er der eg har kontakt med vener, mange av dei har flytta ut.

– Og kva spel går det mest i?

– Mest akkurat nå er WOW (World of Warcraft) og CS go (Counter Strike) Eg meinte eg skulle vekse det av meg, men det heng i ennå. Men gatherings, det er eg for gammal til.