Vil minne kommunen på det livsviktige tilbodet: - Kafé 13 er møteplassen som kan snu ein dårleg dag

Latteren sit laust, men det er alvor når Jeanette Halvorsen, Karoline Haugen og Arnfinn Olsen vil fortelje om tilbodet dei for alt i verda vil behalde.

Høgt og lågt: Det er oftast latter og tullprat, men også alvor mellom dei om lag 10 og 20 som kvar veke treffer kvarandre på kafe 13. – Vi kjenner kvarandre veldig godt, og her får vi gode vener, sjøl om alle er veldig ulike, seier Jeanette Halvorsen, Karoline Haugen og Arnfinn Olsen.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Møteplassen her er eit tilbod gjennom psykiatrihelsetenesten i kommunen. Alle som brukar kaféen har sitt, men det er ingen prat om sjukdom her. Det er plass til ulikheiter og venskap på same tid.