Beintøffe 2. klassingar vann 5000 kroner

Av alle i heile landet var den aller beste 2. klassa frå Midtbygda skule, og nå har dei fått ein premie på 5000 kroner

Beintøft: Her er elevane i 2. klasse ute for å sjekke korleis det står til med trafikktryggleiken på skulevegen.  Foto: Jorunn Alme

Nyheter

I fire veker har alle 21 elevane i klassen vore med på Beintøft. Det er ei kampanje frå Miljøagentane som går ut på at alle skal prøve å gå til skulen, og gjera andre aktiviteter som er bra for miljø og trafikktryggleik. Andreklassingane i Midtbygda har gjort mange aktivitetar på skulen, sidan mange av elevane må ta buss til skulen, har dei heller tatt ein tur i skuletida for å vera i aktivitet.

– For å få med alle, har vi lagt aktivitetane til skuletida, fortel kontaktlærar Cathrine Mølmen Øien.

Det har vore vekesoppdrag om trafikktryggleik og trygg skuleveg, om søppel og forsøpling, om natur og kunstverk i naturen og om skulemat og kvar den kjem ifrå.

– Elevane får fyrst veta om premien på 5000 kroner som vi får i dag, sidan vi fekk visst det etter skuletid tysdag, og elevane har fri onsdagar, fortel Øien, som er spent på korleis elevane vil reagere, når vi snakkar med ho onsdag føremiddag.