Trond Teigen vart sendt heim frå Fronsvakta med pustevanskar, og havnar på sjukehus med lungekollaps ti dagar seinare.

Ribbeinsbrota hadde ført til rift i lungeposen og blødning. Teigen meiner det burde vore oppdaga før, men kommuneoverlegen meinte legevakta ikkje fann indikasjonar på blødning.

- Det er berre tull at eg vart låkare etter den 15. september. Det var jo av same grunn eg kom til legevakt 15. september, og til fastlegen 24. Det var jo fordi eg ikkje fekk puste, båe gongene, seier Trond Teigen. Fastlegen sendte han rett til sjukehuset.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Sundag 1. september skulle Trond Teigen frå Kvam til fjells. Han var litt stressa, for han skulle innpå og så i gras på hytta, og hadde folk der som venta på han.