Fartsgrensa er sett opp til 90 kilometer i timen i tunnelane: - Fysiske lovar tilseier at risikoen aukar når farten aukar

Samferdselsdepartementet gjekk imot faglege råd og sette opp fartsgrensa til 90 kilometer i timen gjennom Hundorptunnelen og Teigkamptunnelen. Nyleg kom dei nye skilta opp.
Nyheter

Avdelingsdirektør Guro Ranes ved trafikksikkerheitsavdelinga i Statens vegvesen, fortel at vegvesenet har henta inn faglege råd etter at samferdselsdepartementet ba om det.