Forskar på om du ønskjer deg sommartid eller vintertid

Ordninga med sommartid kan stå for fall. No vil forskarar høyre kva nordmenn meiner om saka og om fleirtalet helst ønsker sommartid eller vintertid året rundt.

Oslo 20181026. Til helgen er sommertiden over og det er igjen tid for å stille klokka. EU bestemmer om det er for siste gang. Den mørke tiden av året er definitivt over oss igjen her i Norge. Klokka 03 natt til søndag skrus klokka én time bakover Ð mot sommeren. Effekten er at det blir litt lysere om morgenen, men fortere mørkt om ettermiddagen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix  Foto: Ole Berg-Rusten

Nyheter

Natt til sundag klokka tre, må klokka stillast attende til vintertid i Norge og over 70 andre land. Men vekslinga mellom sommartid og vintertid kan snart vera over i Europa. I EU blir det no diskutert eit forslag om å gå bort frå systemet. Det er uklart kva vi kjem til å gjera her i landet, men nå vil forskarar ved Universitetet i Bergen undersøkje kva nordmenn meiner.

– Vi veit at meiningane er delte. Mange er forbanna over framlegget om å avvikle sommartid, medan andre tykkjer det er kjempebra. No vil vi vite kva fleirtalet meiner, seier professor Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen til NTB.

Bjorvatn leier Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og er ansvarleg for undersøkinga. Han håper så mange som mogleg vil gå inn på lenkja www.sovno.no for å seie meininga si.

– Vi håpar at meir enn 20.000 nordmenn svarer på undersøkinga. Til fleire svar, til lettare blir det å konkludere når det gjeld kva nordmenn meiner, seier Bjorvatn.

Då EU gjorde ei tilsvarande undersøking i 2018, svarte 84 prosent at dei ønskte å skrote sommartida.

Vil sjå på geografiske forskjellar

Dei som svarer, vil få ei automatisk tilbakemelding om dei fell inn under gruppa A- eller B-menneske. Om det er nokon forskjell i preferansar mellom dei to gruppene, er éin av tinga forskarane vil undersøke.

Forskarane er òg spente på om undersøkinga kan avdekke geografiske ulikheiter.

– Det er jo stor forskjell på når sola står opp om morgonen og når ho går ned om kvelden, etter kvar du bur i landet. Til dømes mellom Aust-Finnmark og Bergen kan det jo vere mange timar forskjell, etter årstid, og også mellom Oslo og Bergen er det nærare ein halvtimes forskjell. Dette kan godt ha noko å seie for kva ein føretrekker av sommartid eller vintertid, men dette er ikkje tidlegare undersøkt, seier Bjorvatn.

Ventar på EU

Forskargruppa meiner undersøkinga vil gi nyttige svar som kan brukast når styresmaktene skal ta stilling til om Norge skal halde fram, eller gje seg med vekslinga mellom sommar- og vintertid.

Norges tidsminister, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), har òg varsla at regjeringa vil sende spørsmålet ut på høyring.

Han seier norske styresmakter no ventar på behandlinga i EU. EU-kommisjonen har framlegg om å gå bort frå ordninga, og det går for tida føre seg diskusjonar i rådet om saka. Målet er at EU-landa skal bli samde i byrjinga av desember. Sidan kvart medlemsland bestemmer om dei vil halde fram med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere større tidsforskjellar i Europa.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980, og dessutan i nokre periodar tidlegare.

Fakta om vintertid og sommartid

Natt til sundag 27. oktober må du stille klokka ein time attende.

* Ei ordning med å stille klokka ein time fram om våren og ein time tilbake på hausten igjen. I Norge blir dette ofte kalla sommartid og vintertid. Det er vintertida som blir rekna som normaltid.

* Norsk normaltid ligg éin time føre universaltid. Ved overgang til sommartid blir norsk tid liggande to timar føre universaltid.

* I dag nyttar 76 av landa i verda systemet med sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda.

* Meir enn 140 land har på eit eller anna tidspunkt brukt sommartid. Rundt halvparten har avvikla ordninga.

* EU-kommisjonen foreslo i fjor haust å slutte med sommartid, saka er enno ikkje ferdig behandla. Det er venta at vi vil følgje etter dersom EU kuttar sommartida. Ei eventuell endring vil truleg skje i 2021.

* Ordninga kom i stand for å få lengre og lysare kveldar om sommaren, og dessutan energisparing. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson var den første som foreslo sommartid. Han var forskar og ønskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.

* Det er dokumentert at det å kappe ein time søvn om våren når vi går til sommartid, kan ha uheldige effektar på helsa. På verdsbasis går både talet på hjarteinfarkt, psykiatriske innleggingar og trafikkuhell opp dagen etter.

* Noreg hadde sommartid første gong i 1916, deretter 1940–45, 1959–1965 og så kvart år sidan 1980.

* Ein god hugseregel for kva for ein veg klokka skal stillast, er å tenke at ein om våren ser fram til sommaren og stiller dermed klokka fram. På hausten lengtar ein tilbake til sommaren og stiller klokka tilbake.

Kjelder: Nærings- og fiskeridepartementet og timeanddate.no og Nasjonalt kompetanseteneste for søvnsjukdommar.

(©NPK)