Frå Brekkom til eit skuleår i Russland: Lasse gjorde alvor av draumen

Lasse Bakken Fjellstad frå Brekkom i Fåvang hadde lenge hatt ein draum om å få oppleve Russland. Difor valde han å ta eit heilt skuleår i landet i aust.

Eit spennande år: Lasse Fjeldstad frå Brekkom i Fåvang har eit innhaldsrikt og spenneande skuleår i Russland, landet han har drøymt om sidan har var liten. Her er han på kulturkveld rett utanfor Moskva.   Foto: Privat

Nyheter

Lasse er til dagleg elev ved Gausdal vidaregåande skule. Da han skulle byrje på andre året, såg 17-åringen moglegheita til å få oppfylt draumen om Russland. Dette året er han elev ved skulen i byen Krasnodar, ein by som ligg sørvest i landet. Byen er kanskje kjend for både opptøyar og demonstrasjonar, men Lasse opplever byen og landet annleis.