Museumsmusikken skal ut og lufte seg

Dei vil ha blest om folkemusikkarkiva til Gudbrandsdalsmusea, og startar måndag ein miniturné der dei luftar arkivmateriale.

På turne: Musikken i folkemusikkarkiva til Gudbrandsdalsmusea har godt av speling og lytting, derfor reiser museumsdirektøren med følge Gudbrandsdalen på langs neste veke, ein leik for kvar bygd oppover. 

Nyheter

Med ein leik og ei historie frå kvar bygd, skal fire museumsspelmenn på turne i veka som kjem. Slik skal dei spela seg oppover Gudbrandsdalen.

Og det er nok å ta av, i magasina til Folkemusikkarkiva i Sør-, Midt- og Nord-Gudbrandsdalen finst det tusenvis av registreringar.

- Dette handlar om å ta i bruk og gjera tilgjengeleg kulturarven i Gudbrandsdalen, seier museumsdirektør og sjølvoppnemnd «museumsspelmann» Øystein Rudi.

Lillehammer til Lesja

Dei startar på Lillehammer måndag, og tysdag er det Skåbu fjellhotell som er konsertarena.

Museumsdirektør for Gudbrandsdalsmusea Øystein Rudi, på fele og bratsj, har med seg eit solidt følge på turneen.

Folkemusikkarkivar ved museet, Tom Willy Rustad, er med på torader, gitar, munnharpe, trekkspel og kontrabass; Kristin Akslen Hagen, som er folkemusikkarkivar, bidreg med song, mandolin og torader. Til slutt også Geir Marius Thorud, som er ein velmerittert folkemusikkutøvar og spelar kontrabass og trekkspel. 

Tek imot til arkivet

Rudi oppfordrar fork til å levere folkemusikk dei har i opptak eller nedskrive, til museet.

- Om nokon har musikk dei tykkjer Gudbrandsdalsmusea skal ta vare på, så ta det med, eller ta kontakt! Det kan vera gamle kassettar, spoleband eller notebøker, det er av interesse alt, seier Rudi.

Musea er også i gang med digitalisering av folkemusikkarkiva til museet, også det ein del av tilgjengeleggjeringa av kulturarven.

Etter Skåbu tysdag, er det Lesja og Skjåk som får museumsmusikk, onsdag og torsdag neste veke.