Even er ein «sjeldan» lærling, og har travle dagar mellom Biri og Vinstra

Det er ikkje mange lærlingar i faget byggdrifter, men Even Korpberget har vald eit fag der han får bruk for mange ulike fagområde.

Allsidig: Ein dag kan dei snekre inndeling til ein ny butikk, ein annan dag går dei sjekkrunder på bygg frå Vinstra til Biri. Å kunne så mykje at ein veit når andre fagfolk må ta jobben, er noko av det viktigaste å kunne som byggdrifter. Even Korpberget og faren Øyvind Korpberget trivs med å jobbe i lag.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Even Korpberget frå Sør-Fron er lærling i eit fag som er temmeleg nytt. Fredag er det eitt år sidan han starta som byggdrifterlærling i firmaet til faren, Gudbrandsdal eiendomsservice.