I 2012 bygde dei bustad utan å greie ut rasfare; i år måtte to rapportar til før dei fekk bygge uthus.

Ole Kristian Brandvold og Ann Cathrin Ekre fekk byggeløyve i 2011 og ferdigstilte hus året etter. I vinter planla dei reiskapshus på garden. Ikkje før i juli, etter to geologiske rapportar, kunne dei starte.

Snart tak: Han håpar å få bygget under tak før vinteren kjem for fullt. Byggesaker har vorte meir komplisert og dyrare etter at planverket til kommunen har fått omsynssoner for skredfare. Så langt har kommunen cirka 10 pågåande eller avslutta byggesaker etter dei nye reglane. Snart kjem ein bransjestandard for faresonekartlegging, for å unngå at rapportar blir avvist, som i tilfellet hjå Brandvold og Ekre.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

I februar hadde dei fyrste møte med kommunen, i forkant av byggesøknaden dei skulle sende inn.