Ringbyggingar som har sett spor – del 8

Sokneprest Niels C. Hald (1808 – 1896)

Når ein skal skrive om ringbyggingar som har sett spor, så kjem ein ikkje utanom prestane som har styrt prestegjeldet, og som vi veit namnet på heilt attende til reformasjonen.

Interiør: Interiør frå Prestegarden måla av niesa til Hald, Annette Anker. Frå venstre: Maren Otte Hald, Niels C. Hald, med ryggen til, Anne Elene Fürst og lengst t. h. hushjelpa Tobine Olsen. 

Stavkirken: Ringebu Stavkyrkje måla av Annette Anker, ein kopi av Carl Schøyens maleri. 

Prestegarden: Ringebu Prestegard på Nils Hald si tid med tunet fullt av familie, gjester og arbeidsfolk. 

Prosten: Prost Niels C. Hald. 

Fruen: Prostinne Maren Otte Hald f. Fürst. 

  • Grethe Hald, Hemgrenda 2007.
Nyheter

Det er påfallande at alle prestar t.o.m. Simon Dahlen, som vart pensjonist i 1973, har slutta som pensjonistar, eller dødd i stillinga her i Ringebu. Det må ha vore godt å vera prest i Ringebu!

Lang tenestetid

I eldre tider følgde det mange oppgaver med å vera prest i ei bygd. Utanom prestegjerninga var det to store samfunnsoppgaver som var lagt på presten. Det eine var tilsynet og administreringa av skulestellet, og det andre var å ta ansvaret for fattigvesenet.

Det siste var ingen enkel oppgave med den store fattigdomen som herska, og dei små midlane som ein hadde til hjelp. Niels C. Hald er ein av dei prestane som har lengst tenestetid i Ringebu, og ingen prest har vel sett tydelegare spor etter seg i bygda enn han. Han kom til Ringebu som sokneprest i 1855 og gjekk av med pensjon i 1885. Frå 1868 var han prost i Gudbrandsdal Prosti.

Niels Hald var kjøpmannsson frå Arendal. Faren var dansk, kom til Arendal og vart ein vellykka kjøpmann der. Sonen Niels Christian hadde gode evner, og alt som 14-åring vart han sendt til Christania Katedralskole. Her tok han eksamen etter berre to år, og starta på teologistudiet, men han måtte avbryte studiet da augo svikta. Han vende da attende til heimbyen, og saman med ein kamerat starta han eit trykkeri. Trykkeriet ga og ut avis, «Den Vestlandske Tidende».

Eg kan nemne at eg i 2012 kom over ei bok, skrive av prestesonen frå Vågå, Johan Storm Wang, om «Skottetoget eller Slaget ved Kringen», ei historisk, romantisk skildring. Bokas forleggar er: Arendal Trykkeri i 1836.


Ole Bronn (1759 – 1844) var med og starta Kongsberg Våpenfabrikk.

Eg likar å si at den industrialiseringa som skjedde i Norge tidleg på 1800-talet, den starta i ei lita smiu nedi Forrbru’n.

 

Prest ved Christiania Tugthus

I 1828 gifta Hald seg med ungdomsvenen Maren Otte Fürst. Ho var skipsreiardotter, og ho sette heile 13 barn til verden. Augo kom seg att, og etter påtrykk fullførte han teologistudiet, men han var misfornøgd med eksamensresultatet og hadde lagt frå seg planane om å bli prest da han reiste heim.

Studietida hadde vore vanskeleg etter som han måtte reise frå kone og barn i Arendal, «…thi jeg forstyrredes meget af længsel efter dem». Men han vart bedt om å halde noen preiker i heimekyrkja, og lysta til å bli prest meldte seg att. Han vart utnemnd til kapellan i Borre i 1835, men i 1837 skriv han slik:

«I 1837 blev jeg af biskopen beordret at overtage det ledige Garnisonsembede og Tugthusembede i Christiania medens det var under Forhandling at oprette et særskilt Fangepræstembede. Efterat have bestyret Garnisons- og Tugthusembedet indtil i November 1839 og derunder faaet megen interesse for den geistlige Omsorg for Fanger, vendte jeg tilbage til min stilling i Borre».

I 1841 vart han utnemnd til sokneprest i Hægebostad, men alt i 1843 er han attende som fast tilset prest ved Akershus Festnings Slaveri og Christiania Tugthus. Arbeidet som fengselsprest vekte interessa hans for dei sosiale kår i samfunnet, noe som seinare kom tydeleg fram i arbeidet i fattigstyret i Ringebu.


Ringbyggingar som har sett spor etter seg – del 2

Blomstermesteren fra Ringebu

Kristen Erlandsen Listad, 1726 -1802, var nok meir frøning enn ringbygging, men eg tek han med her likevel ettersom han fekk dette namnet.

 

Venn av Henrik Wergeland

Niels Hald var ein nær venn av Henrik Wergeland. Dei hadde studert saman, og medan Hald var fengselsprest og hadde kontor på Akershus, så vart Wergeland riksarkivar og hadde også kontor på Akershus. Tida hans som fengselsprest var også samanfallande med tida da Ole Høiland og Gjest Bårdsen satt som fangar på Akershus. Høiland var mye ut og inn, og Hald opplevde at Gjest Bårdsen tok sitt eige liv ved henging på cella i 1848.

Ein annan fange som han trefte att da han kom til Ringebu, var stakkaren Kryphus-Sjur, son og barnebarn til Kryphus-kvinnene som vart dømt for barnedrap i Venabygd og halshogde i 1834. Det var Hald som konfirmerte Sjur på Akershus Festning i 1837. I Ringebu gjekk Sjur på legd mye av tida Hald var prest.


Ringbyggingar som har sett spor - del 6

Engebret Pedersen Nordrum 1777 - 1833

Bygdadoktor, radikal politikar, og aktiv varamann til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

 

Tok tak i skulestellet

Noe av det fyrste Hald fekk ansvaret for etter han kom til Ringebu, var omorganiseringa av skulestellet i bygda etter den nye skulelova frå 1860. Omlegginga frå omgangsskule til fastskule er truleg den største reforma som skulestellet har opplevd. Presten stod midt i dette arbeidet. Han leia arbeidet med å bygge 13 nye skulehus i bygda, og tilsetjing av seminarutdanna lærarar vart ei stor utfordring. I 1974 sørga Hald for at det vart oppretta sommarskule for barna i Imsdalen, slik at dei små barna slapp hybellivet i Brekkom.

Tidleg på 1870-talet hadde han ein strid kamp med formannskapet om å få tilsett den fyrste lærarinna i bygda. Han vart nedstemt eit år, men andre året fekk han saka gjennom. Han hadde sett seg ut Ahne Hansdotter Årnesbakken til å bli lærarinne, og ho møtte i Prestegarden hos Hald til undervisning heile sommaren. I 1871 vart ho tilsett som lærarinne for småskulen i Nord-Fåvang.


Ringbyggingane i Slaget i Kringen

Når eg vil forsøke å skrive litt om «ringbyggingar som har sett spor etter seg», så er det naturleg å starte med dei fyrste namngitte ringbyggingane vi finn i skriftlege kjelder utanom namn i skattelister o.l.

 

Oppretta Ringebu Sparebank

Som nemnd så tok Hald oppgava som leiar av fattigstyret svært alvorleg. Han var opptatt av at arbeidsløysa var rota til mye elendigheit. Han oppfordra derfor, i brev til bøndene, om at dei frivillig måtte skaffe arbeid til bygdas fattige menn, og for kvinnene ville han bruke av fattigkassas milder til innkjøp av klær, og til garn for veving og strikking. Han meinte at Ringebu hadde bedre kontroll med fattigvesenet enn i samanlignbare kommunar. «Fattigvæsenet troer jeg ikke tabte under min lange styrelse», skreiv Hald.

På slutten av 1850-talet var det krise i landbruket, som var einaste næringsvegen i bygda. Oversjøisk korn kom inn over landet, bøndene måtte legge om til meir husdyrhald og kapitalbehovet var stort. Dette såg Hald, og han tok initiativet til å opprette Ringebu Sparebank, som ein av dei fyrste sparebankane i dalen.

Han vart også den fyrste formannen i direksjonen. Han såg kor langt det var å gå for konfirmantane frå synst i Fåvang til konfirmantundervisning i Prestegarden, og i 1868 fekk han bygd Sognestua ved Fåvang Kyrkje, som husa konfirmantane i meir enn 100 år. Det siste eg vil trekke fram er at Niels Hald fekk i gang Ringebu Sognebibliotek i 1874. Det hadde vore eit mislykka forsøk tidlegare, men Hald tok tak i venen Henrik Wergeland sin kongtanke, og Sognebiblioteket såg dagens lys under mottoet: «Boghyllen er den Stige hvorved du bliver din Overmands Lige!».