Skal opp i Nord-Gudbrandsdal tingrett 26. november:

Tilsette begjærer hotellet konkurs

Dei tilsette på Rondablikk hotell har levert konkursbegjæring mot driftsselskapet Rondablikk hotell drift AS, eigd av Halstein og Marianne Sjølie i Moss.

Uteståande løn: Sofie Kvåle og alle dei andre tilsette ved Rondablikk hotell har meldt hotellet konkurs etter manglande løn.  Foto: Tor Larsen/arkiv

Nyheter

Dei tilsette har ikkje fått løn, nokon av dei ikkje sidan i august. Kravet om konkurs er sett fram av Sofie Kvåle, som har vore hotellsjef på staden sidan ekteparet frå Moss tok over, men gjeld alle dei tilsette, minst 12 personar.