Feirar ti år og nytt namn på huset:

Ti år i bresjen for folkehelsa

Nokre av morgonfuglane på trening hjå Gry Korssletten i Sterk og Smidig har vore med heile vegen, og kan med rette ta del i tiårsfeiringa til Posthuset, som startar med maraton på fredag.

Friskt: - Det ser fullt ut, men til vanleg plar vi vera ti til, fortel Sterk og smidig-gründer Gry Korssletten. Neste veke er det ti år sidan ho starta her, og dro i gang huset som i desse dagar får nytt namn.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Huset som tidlegare tok imot og sendte brev, er i dag fylt opp av både gruppetrening, folk som kjem for å trene på eigenhand og ulike behandlingstilbod. Sidan starten har huset steg for steg fylt seg opp, og nå er det heilt fullt, med åtte ulike leigetakarar.