«Stemningsfabrikk» i Sør-Fron kyrkje fredag

Det blir faktisk den 26. konserten i regi av musikk- og danselina på Vinstra vidaregåande skule, når Vg1, 2 og 3 byr på dans og musikk i Gudbrandsdalsdomen denne gongen.

Frå 2017 Tradisjonen med kyrkjekonsert frå musikk- og danselina er godt etablert, og i år er den 26. konserten.  Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Rammene er ganske faste, men innhaldet består av ulike puslespelbrikker som elevane har jobba med heile hausten. I løpet av torsdag og fredag blir sett saman til eit heile, før dørene opnar for publikum.