Nesten tjue utstillarar skapte julestemning i Kvam

Det er sesong for bålkos, gløgg og nissebesøk. Laurdag var det julemarknad i Kvam, sjå biletserie her.
Nyheter


Svingom: Nissen var tilskodar, medan Marita Aanekre sørga for toraderspel til dans.  Foto: Guro Vollen

Raustugu: Det er ikkje bruk for plastpynt eller juksesnø når naturen sørger for postkortstemning som her  Foto: Guro Vollen

Nissehjelp: Hjå Malene Skinne og Nancy Sørøy i Raustugu fekk alle som kom innom, smake på gløgg. Varma opp på vedomnen i stua, og servert med sirupssnipper til.  Foto: Guro Vollen

Sveler: Gry Haugseth i Gudbrandsdalsbakst held takka varm for svelesteiking under julemarknaden i Kvam.  Foto: Guro Vollen

Unge produsentar: Einar og Flora Anna Pallsveen hadde blant anna laga fine stearinljos med mønster, ljos i små porselenskoppar, og var med på julemarknad på Bjørke laurdag.   Foto: Guro Vollen

Strikk: Anny Løkken frå Kvam hadde med strikking og litt hekling. - Det er artig å vera med på, litt liv og røre er bra, seier ho.   Foto: Guro Vollen


Gløgg: Frank Jensvoll, Kari Skalle, Sissel Tangen og Mads Jensvoll fekk sirupssnipper, gløgg og julestemning i Raustuggu  Foto: Guro Vollen

Gro Wiktorin og Harald Bjørke har bortimot 20 utstillere på plass ute og inne under årets julemarknad på Bjørke gartneri.   Foto: Guro Vollen

Julemat: Utseld for ribbe, men julepølser, sylte og ikkje minst varm suppe, kunne Bonden Sylte, alias Gunhild og Ole Asmund Sylte frå Fåvang by på laurdag.  Foto: Guro Vollen

Lærling: Elisabeth Bratlien seier ho er som lærling å rekne i husflidslaget, med skinnfellsøm og veving. Ho lodda ut husflidslagets gevinstar på julemarknad laurdag.  Foto: Guro Vollen