Nissen som vart råka tå kjøttskam

Det var ein gong i dessa harde klimatider at Enstugunissin vart råkå tå ein sjukdom døm kalle for kjøttskam.

Ikkje greit å vera nisse med kjøttskam.  Foto: Fride Gunn Rudi

Nyheter

Han hadde hørt om det på radioen, og skjønte at detta var noko alvorleg som sette seg i heile skrotten. Ja, i kjøttet som sagt. Han trudde rett og slett at det var skamfullt å ha for my kjøtt på kroppen!

Kjøttskamma tek tak

Enstugunissin er sjeldan nedi bygda der andre nisser bor. Enstuggua ligg så høgt og ensomt te at det er mest luggomt å halde seg der. Han har kjerring, hest og ei grispurke som fer unger hårt tiende år, så han held seg med flesk, og mjølk te å koke graut fer han frå merra si. Da bli grauten feit med andre ord, og det syne på kroppa åt Enstuggunissa. Kjerringa er au rond som ei kule, men her har døm levd i hundrevis tå år, og vore stort sett freske som en fisk.

- Å eg som må nedpå Vengstad å handle te jul, e kein da itte syne meg fram slek e er med alt detta kjøttet på skrotten. Skamfull e eg da nok ifrå før. Det e itte så morosamt å seia at en er frå uppi Enstuggubrattun. Ælle vet at det er trongt om det meste uppi der, jamra nissin seg.

- E vet itte betre råd enn at du må eta lite mindre ei stond, så minke nok kjøttet på deg. Du fer halde deg onna både grauten og flesket, det veks da my graslauk bak fjoset som du kan jafse ti deg, det ska visst vera styggeleg bra for helsa det, foresler nissekjerringa.

Veganar-nisse

Som sagt så gjort. Enstuggunissin gjekk over på berre grønfor. Han tenkte han fekk melde seg inn i «Veganordenen» au - da sku han itte ha my å vera skamfull tå når en kom ni kjøpstaden og slo i bordet med medlemskortet der. Å tenk når en berre vart kvitt alt detta kjøttet på kroppen da! Naj, det er om å gjera å sjå ut som anna nissefolk, døm ha sikkert kutta ut alt som heite graut og smørauga og feitt flesk dei andre nissane au, tenkte Enstuggunissin.

Månadene gjekk, og snart så lakka det mot jul. Nissekjerringa bynte å bli lite grann reidd tå sjølin sin, han ha vorte styggeleg tunn i det siste. Klea hekk og slong rundt han, å ha det itte vore for nisseskjegget og den store nåsån, så ha rauluva kome te å sigi nedom augun hass.

Men Enstuggunissin va kry tå seg sjøl han, den dagen han sku nedpå Vengstad å handle te jul. Nå var han så tunn vorte at han kunn gå spent kå det var hen, han smaug seg beinast gjennom porten åt Uppigardsnissin å sleppte seg beint nedover jordet ette eit lite råk som uppigardskatten ha trakka te.

Framfusne nissekamerater

Så kom han nedpå kjøpstaden der det låg tett i tett med butikker, eller sjappo som han kalla døm. Egentleg skjønte han itte kåffår det itte hadde vorte færre sjappo, nå som folk sku eta berre grønt - det måtte da gå an å dyrke på kårr en flekk, tenkte han. Te og med i verandakassom hadde han hørt at det sku gro godt. Kå døm sku gjødsle med om det vart slutt på husdyra, hadde døm kanskje itte tenkt på, men enten så pissa døm vel uppi eller døm kjøpte slike små kvite pillo på Felleskjøpet.

Han stramma seg opp når han kom bortover mot Mega, og jammein satt itte Uppigardsnissin og Nordigardsnissin å drakk kaffe burti roa der som døm selde sleke saker. Han tenkte at nå sku døm få seg en overraskelse når døm fekk sjå kå slank og fin han ha vorte. At døm var like trinne som før, var egentleg eit onder, men du vet sleke framfusne karer som døm vistte itte kå skam var for någgå.

Enstuggunissin bukka galant når han gjekk forbi, men dessa to kaffeslurparein, blega itte ørom, døm berre glåmde som døm alder ha sett han før. Døm strekte hals og lurde nok skikkeleg på kven detta var.

- Kå va detta? Va det en staur døm ha hatt på nisseklær, ell var det denna enstøingen frå uppi Enstuggulien, undrast Nigardsnissin.

- Ja, sandeleg om eg veit, någgå så magert og otyle er det lengje sea eg ha sett, svårå Uppigardsnissin, og klappe seg på den store vomma. Nei, slek er det når en itte greie å kårå seg utor fattigdommen uppi Enstuggulia, døm fer fløtta nedpå her å byne å jobbe, da sku du sett at han ha fått ti seg at vomma rimeleg trast!

- Ja, det keinn du si det, som itte en gong orke å mjølke kua di sjøl - må ha budeie tå jøinn … hi hi hi!

- Nå fer du passe grautkjeften din, ditt nåsågrev, ropte Uppigardsnissin og reiste seg frå kafebordet og tok kuten ut att.

Grønfor og klimautslipp

Utpå plassa treffte han Enstugunissin. Han tenkte at han måtte sjå bortåt å forvisse seg om kå slags tyende detta var.

- E du en staur ell er det Enstuggustømpern?

- Du ser ut som en stømper du! E du itte skamfull du da, så kjøttfull som du er rondt livet og bakpå baken? Ha du itte hørt om kjøttskam du da, din stortosk? E ha livi på grønt e hele såmmår e, så nå ska e bli styggeleg gåmål. Å så ska det itte bli overskya ofte hell uppi Enstuggulien nå, for da bli det så my mindre utslepp åt klimaet si døm.

- Overskya du! E det någgå det bli overskya tå dama, så e det når en et berre grønfor, for da bli det store utslepp bak...hi hi hi! E synest det ha vore så my gråver uppi dalaskoron der du kjem frå ma i haust. Nei gå hemat og et flesk og graut så du fylle uti broka di att, gut. Ellers bli oss skamfulle oss andre nissein au visst oss ska ha eit slikt beinrangel med på laget! 

Enstuggunissin snudd seg og tråva bortover gatestubben. Hein va så forvirra og lei seg at visste itte kem han sku tru på. Han hørde sjøl kå det skrangla når han gjekk, så mager hadde han vorte. Slapp var han au, og når han såg seg sjøl inni glaset på eitt tå dessa store nye kjøpesjappom, såg han kå bleik og stussleg han var.

- Nei, kanskje eg må kåmå meg hemat åt kjerringa å få meg lite feit graut, tenkte han. Nå skjønne eg at e ha misforstått hele greia, det er itte skamfullt å vera kjøttfull - hæll feit da, som folk heromkring si. Så kanskje e itte denna kjøtskamma nån sjukdom?

Nok svin på skogen

Så det var godt å kåmå hemat åt nissekjerringa i Enstuggulin denna dagen.

- Sløng frampå grautgryta kjerring, å så vil e gjeinne ha en fleskebeta attåt au, ropte han da han steig inn gjennom døra.

- Nemen, e du vorte god att tå kjøttskammem nå da, undrast ho. E ha tenkt og tenkt meda du va borte, att om oss itte ska eta kjøtt og flesk mer, kå ska oss gjera tå alle grisungom som bli født da? Svin på skogen har vel alle nok tå frå før.

- Ja du har så rett kjerring, og kjøttfrie dågå har da oss nisser nok tå, som et graut nesten hårr dag. E tru eg fer prøve å eta på me att lite te jul, hell så kjem e te å skreme vettet tå ongom e ska vera julnisse åt au.

- Ja, å så bli du nå så my betre å liggje framved, slik du er nå så går det itte an å liggje på armen din engong, en kein risikere å skjera tå se huggu så mager denna armen din er. Nei graslauk er godt det, men alt te sin tid, sa nissekjerringa og dansa så lett bortover golvet da ho skjønte at gubbin va god att tå kjøttskamsjuka.