Fylkesmannen varslar tilsyn:

Tilsyn med helse- og omsorgstenester til vaksne utviklingshemma i Ringebu

Rett før jul varsla Fylkesmannen i Innlandet eit omfattande tilsyn med tenester for personar med utviklingshemming i Ringebu kommune. Tilsynet skal gjennomførast i februar.

Fylkesmannen skal gjennomføre tilsyn med omsorgs- og helsetenester for personar med utviklingshemming i februar.  Foto: Dølen/arkiv

Nyheter

Tilsynet skjer på bakgrunn av ei konkret vurdering, mellom anna etter dialog med spesialisthelsetenester. Det seier seniorrådgjevar Randi Marthe Graedler hjå Fylkesmannnen Innlandet.