Arwen tok bronse i NM sprint

Det var jamnt i tetkampen under junior-NM i sprint i Stavanger. Og med i seierskampen var Arwen Szygenda frå Sør-Fron.

Arwen Szygenda frå Sør-Fron tok bronsemedaljen under sprint-NM for juniorar i Stavanger i helga.   Foto: Privat

Nyheter

Arwen Szygenda gjekk i helga NM sprint for juniorar i Stavanger. Det var jamnt i teten, og Arwen leverte sterke løp på alle distansar. Laurdag gikk ho 500 meter på 42,99(3. plass) og 1000 meter på 1,24,95 (2.plass). Søndag gjekk ho 500 meter på 42,62 (3. plass) og 1000 meter på 1,24,98 (2. plass).


Super helg

Det gror godt i skøytemiljøet på Sør-Fron. I tillegg til Arwen som var i Stavanger, var ni andre i klubben på Hamar og gjekk konkurranser der. Fleire rekruttar sto på startstreken.I junior stilte Jørgen Szygenda.

Philippe Szygenda stilte i senior. Det vart sett fleire personlege rekordar på dei yngste løparane.

Klubben melder om at dei har hatt ei super helg.