Ragnhild Myre (27) satsar utradisjonelt på heimgarden: - Skal bli livsverket mitt

Ho har hatt hund heile livet, og nå vil ho gjera menneskas beste ven til levebrød. På heimgarden Myre er arbeidet i gang.

I bruk: Faren til Ragnhild tok over garden og restaurerte husa på 80-talet, og ho tok sjølv over for sju år sidan. Ønskjet om å bruke garden til noko resulterer nå i ein kennel med tilbod om massasje og trening for hundar, kurs og oppstalling. Til sommaren håpar ho på å opne det ho ønskjer skal bli livsverket.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Ragnhild Myre har hatt planane i eit og eit halvt år, og byggesøknad for å bygge kennel gjekk inn til kommunen i månadsskiftet mai/juni i fjor.