Skal arrangere landsfestival i gamaldansmusikk

Førre gong landsfestivalen var i Fron var i 2005. Nå håpar arrangørane på fleire tusen besøkande til sommaren.

DANSEGLEDE: Komiteen håper mange vil ta turen til Harpefoss for å ta seg en dans i sommer. 

Nyheter

Det er Sør-Fron Spelemannslag, Mukampen Spelemannslag, Harpefoss Idrettslag og Sør-Fron Idrettslag som går saman for å få gammeldansen til Midtdalen. Det blir fjerde gongen arrangementet kjem til dalen, sjølv om det begynner å bli ei stund siden sist. Det vart arrangert på Vinstra i 1988 og 1995 og på Harpefoss i 2005.

- Det er på tide å trø til igjen. Dette gir gode muligheter til område, då det er mange som kjem for å overnatte, seier Øystein Rudi, som er leiar for festivalkomiteen.

Han seier at dei ser for seg at det kjem ca 800 deltagarar til konkurransane, konsertar og dansespel. I tillegg er arrangementa opne for publikum, med fest og dansing.

- Vi ser at vi kjem i mål med finansieringa, og held på å legg opp kabalen med frivillige frå ulike lag, seier Rudi.

Hovedarena for festivalen vil bli ved Sør-Fron Kulturhus med uteområder, ungdomsskulen og Fron Badeland. Det er også planlagt eit stort mat/dansetelt på idrettsbanen framfor kulturhuset, i tillegg til fleire mindre telt. Rudi fortel at det kjem mange tilreisande, slik at det må bli satt opp ein midlertidig campingplass.