Lokal kunstnar fram i ljoset i sommar

Sundag blir det temakveld om målaren, og arrangøren ønskjer å koma i kontakt med folk som har måleri eller anna relevant for utstillinga.

Lokal kunstnar Karl Løkke (1870-1943) var opphaveleg frå Lesja, men budde meste av livet i Ringebu.  Foto: Lillehammer Museum, Maihaugen

Nyheter

Til sommaren blir det utstilling om målaren Karl Løkke (1870-1943) som mesteparten av livet budde i Ringebu, opp for Vålebru sentrum. Det blir temakveld om Løkke og samtida hans, der utstillingsverksemda i prestegarden også ønskjer kontakt med folk som har maleri eller anna om kunstnaren.

- Det kan vera aktuelt å drøfte eventuelt å låne måleri til utstillinga, seier arrangøren.

Lokalhistorikar Jon Ødegård foredreg om blomstringstida i Vålebrua på Løkke si tid, og Lars Tvete om Løkke, hans liv og verksemd.

Arrangør er Kunstfagleg råd, Ringebu prestegard og arbeidsgruppa for Løkkeutstillinga.