Tre klasser på turne; fraktar også publikum sjølve

Alle ungdomsskulane i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen får konsert og gratis skyss, når heile musikklina dreg på turne neste veke.

  Foto: Silje Josten Lien/arkiv

Nyheter

Kvart år skal elevane i alle tre klasser på musikklina ved Vinstra vidaregåande skule planleggje og gjennomføre eit prosjekt.

I år dreg dei på sin aller fyrste turne, fortel lærar ved musikklina, Åshild Alette Haugstad.

– Det krev mykje logistikk, og vi køyrer alle saman i buss, med bil og hengar til utstyret, fortel ho.


Debutalbum frå LÖV : Heim til det som betyr noko

Øystein Skar gler seg til å presentere debutalbumet til LÖV. Tidlegare i månaden kom dei med låten Take me Home, og til sommaren blir det heimtur på Rondaståk.


Sidan ungdomsskulane ofte har dårleg råd når det kjem til skyss, tilbyr musikklina eigen buss som hentar elevar ved ungdomsskulane rundt konsertstadene.

Turneen startar onsdag 4. februar, med ein konsert for alle ungdomsskulane i Midtdalen på dagtid, og ein open for publikum ellers på kvelden.

Torsdag dreg dei til Otta kulturhus og Lesja kulturhus, før turneen blir avslutta med ein konsert i Utgard i Lom, fredag.

– Repertoaret blir nok litt meir livat enn folk er vand til i julekonserten, til dømes, men det vil bli eit breitt tilfang av ulike typar musikk, seier Haugstad.

I vekas papirutgåve skreiv vi feil tidspunkt; konsertturneen skal vera frå onsdag i neste veke, ikkje denne, som vi kom i skade for å skrive.