Tek heim kostbart tilbod frå Lillehammer

Kommunale døgnplassar for øyeblikkeleg hjelp (KAD) kostar over 1,8 millionar kroner i året, men har stått mest ubrukt. Midtdalskommunane skal bruke 2020 på å finne ei betre løysing.

KAD: Kommunale akutte døgnplassar vart lovpålagt tilbod i kommunehelsetenesta frå 2016. Både lokalt og nasjonalt har bruken vore mindre enn kapasiteten som vart rigga, sjølv om presset på andre helsetenester auka. I løpet av året tek skal fronskommunane ha ei lokal løysing på plass. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix 

Nyheter

Tilbodet dei til nå har dekt gjennom avtale med Lillehammer kommune, kostar Sør-Fron, Nord-Fron og Ringebu over 1,8 millionar kroner kvart år - også utan at det er brukt.