Brøytesaken: Nord-Fron med erstatning til alle etter konkurransestopp

Nå får dei som ville brøyte kommunale vegar i fjor erstatning . Alle som vart tildelt roder før konkurransen om vintervedlikehald vart stoppa, vil få tilbod om ein sum frå kommunen for arbeidet dei hadde med konkurransa.
Nyheter

Summen til erstatning kjem fordi Nord-Fron kommune vedtok å avlyse konkurranse om vintervedlikehald i november i fjor, etter saker mellom anna i Dølen. Til nå har Nord-Fron godkjent ei utbetaling til saman vel 65.000 kroner til to av tilbydarane. Men totalsummen kjem truleg godt over hundre tusen kroner, når dei tre andre også får.