Talet på politimeldte voldtekter aukar mest

Sjå oversikt over politimeldte kriminalitet i Midtdalen i 2019 her
Nyheter

Innlandet Politidistrikt har nå kome med ei oversikt over straffesakstala for 2019. Oversikta viser talet på meldt kriminalitet, men gjev ikkje nødvendigvis eit korrekt bilete på kriminaliteten, då det fins mørketal. Talet på politimeldte voldtekter i Innlandet politidistrikt i 2019 har auka med 20 prosent i forhold til året før.