Martna med bålrøyk, hest og kål

Nå var det ikkje sal av korkje hest eller kål, men stemninga gav laurdagshandelen eit skikkeleg martnaspreg for alle som tok turen til Sødorptunet.

Kål: Ruste bygdekvinnelag, sponsa med råvarer frå matbutikken inne på senteret, hadde kokt kål og serverte varmande koppar til martnaspublikummet. Elisabeth Bratlien og Jorunn Håkonsen står ved gryta.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Det var tilløp til stågate inne på kjøpesenteret, for her var det både foredrag om dølahesten, musikk å danse til, utstillarar og mykje folk. Ute var det aktiviteter for ungane og ein handfull vinterkledte utstillarar. Musikk rundt bålet og kål på bål var det også. For ikkje å prate om hesteekvipasjane frå Fron lasskjørarlag, som tydeleg var det store trekkplasteret. Sødorpmartnan er lasskjørarlagets oppvarming, for dei reiser over fjellet til Røros.