30 mil på meier for å reklamere for Gudbrandsdalen

Fron lasskjørarlag tok for vel eit tiår sidan opp att ei vinterferd som var livsviktig for 150 år sidan. Den tidas langtransport gjekk med korn på meier over høgfjellet, i dag er det lokalt håndverk og nisjemat som promoterer Gudbrandsdalen på Rørosmartnan.
Nyheter

Ole Anton Stø er leiar i Fron lasskjørarlag. Laurdag tok fem av ekvipasjane i laget vegen oppover Sødorpbygda og innover fjellet over til Østerdalen. To ekvipasjar til kjem på undervegs, og målet er Rørosmartnan, der laget har ein eigen bakgard i den gamle gruvebyen.