Kvitfjols opnar snart vinterfesten med ny revy

Storpolitisk spel på sandkassenivå og influencer-jåleri er det einaste glimtet vi får inn i den nye revyen som Ringebu amatørteater er i gang med finpussen av. Men vi blir lova mykje meir.
Nyheter

Ute piskar eit usedvanleg vått februarvær om novene, og spegelen av is ligg nypolert. Det kjennest usikkert å gje den vanlege helsinga "break a leg" i dag. Men vel innafor dørene i Tromsvang er det lunt og triveleg, og 1. akt er gjennomkjørt. Slik nokonlunde som den skal vera.