Råd om normal skulekvardag etter truslar på sosiale medier

I dag gjekk skuleeigar ut med informasjon om truslar som har kome til vidaregåande skuler i Innlandet i januar. Meldinga vart lagt ut på facebooksida til elevrådsstyret på Vinstra vidaregåande skule.

Truslar om skuleskyting blir vurdert som lite målretta og er jamnleg vurdert av politiet, i følge Innlandet fylkeskommune  Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Her er meldinga som gjekk ut til foreldre, forestette og tilsette ved skulen på Vinstra:

Over 300 skular i heile Norge, inkludert 9 vidaregåande skular i Innlandet, har i januar motteke truslar om skuleskyting via sosiale mediar. Truslane er jamleg vurdert av politiet.

Normal skulekvardag

Deira vurdering er at truslane er såkalla lite målretta. Det betyr at dei blir vurdert som ikkje reelle, og derfor er politiets råd at skulekvardagen på den enkelte skule blir gjennomført som normalt. Politiet har bestemt at Sør-Øst politidistrikt etterforskar alle truslane som er motteke i heile landet.

Skuleeigar, Innlandet fylkeskommune, er i dialog med politiet og andre myndigheiter for å ha beredskap rundt situasjonen og eventuelt vurdere nødvendige sikringstiltak. Det er tett dialog mellom skuleeigar og rektorane, og mellom rektorane og politiet. Politiet vurderer fortløpande situasjonen, og dersom det blir vurdert som nødvendig så vil tiltak bli iverksett.


Flere reagerer på at ungdomsbedrift må punge ut med 16.000 kroner til Nord-Fron Kommune

I helga har ungdomsbedriften GudbrandsLAN arrangert lan i Vinstrahallen. Flere reagerer nå på at ungdommene må punge ut til Nord-Fron kommune.


Ikkje direkte mot Vinstra vidaregåande

Rektor Leif Solheim presiserer at det ikkje har vore meldt inn truslar mot Vinstra vidaregåande skule direkte.

- Dette er ei generell varsling som går ut frå alle skulane i Innlandet. Ni skular er råka av desse truslane, men ikkje Vinstra, seier han.

Solheim seier at dei også har moglegheit til å varsle foresette og elevar direkte gjennom sms-varsling, dersom det skulle oppstå nokon situasjon av noko slag.

Meldinga som kom i dag, har gått ut på portalløysinga til elevane, og vil også koma til føresette på sms.


Fylket mangler penger - byggingen av Vinstra park kan bli utsatt

Fylkeskommunen har ikke midler til å bygge elvekulvert og ny bussterminal i Lomoen på Vinstra. Det kan påvirke byggestart av området «Vinstra Park»



Grønn box UB snusar på panteordning for framtida

Ungdomsbedrifta Vinstra vidaregåande fekk snusprodusenten med på laget. Nå set dei opp returpunkt for tomme snusboksar fleire stader i Gudbrandsdalen.