Storfest og konsert på Folkets Hus på Harpefoss

Sør-Fron Spelmannslag gjentek suksessen frå i fjor vinter og inviterer til konsert med påfølgjande fest førstkommande laurdag.

Sør-Fron Spelemannslag inviterer til fest førstkommende lørdag. 

Nyheter

Og i år som i fjor er det på Harpefoss Grendahus, også kjend som Folkets hus på Harpefoss, det skjer.


Skal arrangere landsfestival i gamaldansmusikk

Førre gong landsfestivalen var i Fron var i 2005. Nå håpar arrangørane på fleire tusen besøkande til sommaren.


Variert konsert

- Sør-Fron Spelmannslag fekk gode attendemeldingar etter arrangementet i fjor vinter. Vi håper enda fleire nytter høvet til å ta turen til Harpefoss Grendahus og kan love ein spanande og variert konsert, seier formann i laget Anne-Grethe Holen.

I tillegg til Sør-Fron spelmannslag vil trekkspelaren Jo Fredrik Øiamo bli å høyre. Øiamo er busett i Sør-Fron og er blant anna kjend som ein framifrå tolkar av Carl Jularbo. Rasmus Kjorstad har studert på Musikkhøgskolen og arbeider som profesjonell folkemusiker. Han blir og å høyre på konserten. Toradergruppa Fronsgutein, under leiing av Øystein Nikolaisen, er ein gjeng med ivrige og dyktige toraderspelare som også blir å høyre og sjå på scena.


Nygaard i 100

100 år sidan komponist og spelemann Oddvar Nyggard vart fødd: - Han har etterlatt seg ein musikalsk rikdom som vil leva vidare

I 2019 er det 100 år sidan komponisten og spelemannen Oddvar Nygaard vart fødd. I helga blir det storstilt 100-årsmarkering med lørdagsball på Rudi Gard.


Fest med comeback

Etter konserten blir det fest på Folkets hus og moglegheit for å svinge seg i dansen til ulike orkester. Fron trekkspillklubb, Fronsgutein og Sør-Fron spelmannslag er blant dei som spelar opp til dans. I tillegg er så vil Vågå spelmanslag ta turen sørover og bidra med ei dansespeling. Visdals kvintett er kjend for dei fleste i folkemusikkmiljøet. Dei vann blant anna Landsfestivalen i gamaldansmusikk tre gonger og deltok i den NRK-tevlinga Kappspel. Denne kvelden gjer dei comeback på Harpefoss Grendahus. Det er med andre mykje å sjå fram til for dei danseglade. Arrangementet er eit samarbeid mellom spelemannslaget og Harpefoss Grendahus.