Konklusjon i rapport: Radiobjøller på sau har god effekt

Etter eit toårig prosjekt med bruk av radiobjøller på sau, kan det nå ut i frå rapporten, konkluderast omkring nytten det har hatt.

Illustrasjonsbilde av sau med radiobjøller.  Foto: Pål Kjorstad

Nyheter

Det to-årige prosjektet Fron Vest vart sett i gang våren/sommaren 2018 og ført vidare i beitesesongen 2019. Bakgrunn for prosjektet var at det over fleire år har vore store tap av sau på utmarksbeite, både innan enkeltbuskapar og beitelag på Fron vestside. Utfordringa har vore at det er vanskeleg å få dokumentert skadar i beitesesongen. Radiobjøller kunne bidra til raskare funn og dermed dokumentasjon.