Navnedagintervju: Heiter berre Elisabeth i Tyrkia

Det kan av og til vera greit å ha to namn, har Svanhild Elisabeth Sletten erfaring med.
Nyheter


Veit du noko om korleis du har fått namnet ditt?

– Eg trur det var slik at mor ville gjerne ha ei jente ho kunne kalle Svanhild.

Og så heiter du Elisabeth også?

– Ja, og eg er veldig glad i båe namna mine. Og det er praktisk med to namn.

Korleis da?

– Vi har leilegheit i Tyrkia, har hatt det i mange år. Der er eg berre Elisabeth, så da får eg brukt det namnet også. Det er det ingen som brukar til vanleg, det blir for langt og tungt.

Kjenner du mange andre som heiter det same?

– Det er jo ikkje mange, men det som er rart er at einaste andre eg hugsar frå Vinstra, gjekk i same klasse som meg både på barneskulen, ungdomsskulen og vidare til vi var blåruss.

Rett oversett betyr namnet ditt svane og kamp. Korleis passar det?

– Eg kjempar i alle fall for det er trur på, og er ikkje redd for å stå opp for det eg meiner. Eg likar å tru at eg er ei sterk kvinne.

Har du aldri vore kalla noko anna?

– Jo, da eg var lita var eg Lalla. Det er nok fordi eg har yngre syskjen, syster mi Synnøve greide nok ikkje seie Svanhild. Det heng litt ved i familien ennå, eg prøvar å halde det der!