Vakre vikingskattar heim til tusenårsfeiringa

Eit gravfunn frå Kjorstad, fleire funn frå Hundorp og ellers i Sør-Fron er kva Gudbrandsdalsmusea har bede om å få låne att frå Kulturhistorisk museum, til tusenårsmarkeringa neste år.
Nyheter

Historia ligg tjukt utanpå haugane og landskapet ved Hundorp. Til neste år skal staden også få ei utstilling av historiske skattar. Hundorp er som kjent scena, når Snorre i mellomalderen sette seg ned og skildra kristninga av trassuge gudbrandsdøler i år 1021.