La opp til «nettbutikk» over natta: - Vi må vera kreative

Silje Flatmoen og Christian Asphoug på Hev i Ringebu har møtt korona-krisa på sin måte, og tek ein dag om gongen.

Kundene set pris på å hente ferdig betalte og pakka varer. - Vi må vera flinkare enn nokon gong med å legge til rette for innbyggjarane og så er det viktigare enn nokon gong at dei brukar lokale butikkar, seier Christian og Silje på Hev.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Torsdag kveld gjorde dei klar vippsbutikken til Hev, ved å legge inn alle varene. Det betyr at folk kan bestille frå heime, for å hente ferdig pakka og betalte varer. Dei som ikkje kan hente, kan få varer tilkøyrd.