SISTE: Vårens konfirmasjonar kan bli utsett

Den Norske kyrkje ber måndag om at alle konfirmasjonar blir utsett til hausten.

Illustrasjonfoto.  Foto: Stian Lysberg Solum

Nyheter

Det er NTB som melder dette.

- Vi ønskjer å åpne kyrkjeromma våre så snart som mogleg, men vi veit ikkje kor lenge denne spesielle situasjonen vil vare, seier konstituert preses i Bispedømmet, Atle Sommerfeldt til VG.

- Vi har forstår at dette er krevjande, legg han til.

Prest i Nord-Fron kommune, Jens Petter Ous seier til Dølen at dei vel nok mest sansynleg å følge råda sentralt.

- Men vi skal tenkje litt meir før vi endeleg kjem med svar, seier han.

Prest i Sør-Fron, Kristin Olason, skal rett i telefonmøte da Dølen tek kontakt. Han veit meir om kva dei gjer i Sør-Fron seinare måndag kveld.

Prest i Ringebu, Gustav Søberg, eier at dei heller ikkje har teke noko avgjere ennå.

- Undervisninga er avlyst i tre veker framover. Så vi tek det litt dag for dag, etterkvart som vi får ny informasjon, seier han.

Dølen kjem attende med meir om saka.