Dølen med solid opplagsvekst - blant lokalavisene som aukar mest

I løpet av det siste halve året har Dølen fått 160 nye abonnentar.

Dølen kan vise til nok eit år med solid vekst. Frå venstre: Arafat Malik (prosjektstilling video), journalist Ane Vaet, journalist og redaksjonssekretær Tor Larsen, journalist Guro Vollen, Sigrid Gausen (journalist i prosjektperiode), marknadskonsulent Karoline Kamp og redaktør og daglig leiar, Tone Sidsel Sanden.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Onsdag vart alle opplagstala til avisene i Norge lagt fram, og og på ny har Dølen fin vekst. Det siste halve året har avisa fått 160 nye abonnentar, viser dei ferske opplagstala frå Mediebedriftene og Landslaget for lokalaviser. Med denne veksten er Dølen mellom dei avisene i LLA som veks aller mest.

Digital satsing

Redaktør Tone Sidsel Sanden gler seg over framleis vekst.

- Vi har vore igjennom eit hektisk år i 2019, der blant anna graveprosjektet Rondablikksoga har teke mykje tid og krefter. Men vi trur også at lesarane våre har sett pris på at vi som lokalavis kan gjennomføre eit så stort og grundig prosjekt. I dei tidene vi er inne i, med høge krav til hyppige oppdateringar på nett, trur eg det også det er viktig å nokre gonger bruke tid på undersøkande journalistikk, seier Sanden.

Dølen aukar mykje i digitale abonnentar, 146 nye har kome til det siste året. Her har lokalavisa den same auka som regionavisa GD. Dølen satsar mykje på å vidareutvikle nettavisa.

- I fjor haust såg Dølen-TV dagens lys, noko som vi trur og håpar på skal gje oss nye og yngre abonnentar. Vi veit at dei produksjonane vi har hatt har vore mykje sett. Vi ønskjer å utvikle dette vidare, og vil gjerne ha med oss lesarane på å tipse om kva som kan vere bra lokal-tv, gjennom lokalavisa, seier Sanden.

- Vi er glade for kvar og ein som vil føge med oss, og vi håpar å lage masse god journalistikk til alle framover, legg redaktører til.

LLA-avisenes samla opplag aukar med 1,1 % det siste halve året.

Avgjerande for landet

Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA kommenterer dei ferske opplagstalla slik:

– I ei vanskelig tid der vi ikkje får tenkt så mykje på alt det gode arbeidet som vart gjort i lokalavisene i fjor, er det gledeleg og imponerande at 2/3 av LLAs lokalaviser aukar opplaget. Det betyr at lokalavisene byr på journalistikk og annonser som er viktig for innbyggjarane i lokalsamfunna. Det ser vi særleg i koronatidene. Det er avgjerande for landet å ha lokalaviser som tar samfunnsansvar og som bidrar med livsviktig informasjon til innbyggjarane, seier Bruvik.

Sidan 2017 har opplaget til Dølen auka frå 3691 til 4020.

Opplagstal for lokalavisene i vårt distrikt:

1.halvår 2019 2. halvår 2019 Totalt

Dølen: 3860 4020 +160

Vigga: 2210 2278 + 68

Fjuken: 3828 3879 + 51

Norddalen: 2672 2603 - 69