Rektoren om den nye kvardagen: -Det er så kreativt og løysingsorientert, at eg har ikkje ord!

Rektor ved Vinstra ungdomsskole Tone Granskogen er sprekkferdig av stoltheit over korleis kollegane og elevane hennar har takla overgangen til ein digital kvardag.

Tone Granskogen har all grunn til å smile. Ho fortel om ansatte og elevar som tek den nye kvardagen imot med opne armar.   Foto: Ane Vaet

Nyheter

Torsdag førre veke kom beskjeden, som mange har både etterlyst og venta på; alle landets skular stengjast. På Vinstra måtte dei kaste seg rundt og kalle inn leiargruppa ved skulen, og ikkje minst måtte dei informere elevane.