Fleire i karantene skapar utfordringar: Får hjelp av studentar i koronakrisa

Etter ei kjapp ringerunde var fleire studentar klare til å stille opp på jobb på meieriet på Frya.

Paal Nyhus (f.v.), Sander Dalseghagen, Markus Rudihagen og Espen Sørli er studentar som nå stepper inn og jobbar på Tine Frya.  Foto: Privat

Nyheter

Etter at Tine-meieriet på Frya hadde ute annonse, fekk dei heile 171 søkjarar på stilling som sommarvikar. Nå er skulane stengde, og det er mange studentar og elevar som er heilt eller delvis ledige. Det er faktisk til hjelp for bedrifta på Frya, som er påverka av tiltaka som følge av koronaviruset.

- Etter ei kjapp ringerunde rett før helga til nokre av sommarvikarsøkjarane, fekk vi tak i fleire som vil vere med å jobbe her, seier driftssjef Jon Stensrud.


Bedrifter åpner drive in og sjølbetjening: - Blomster kan hjelpe mange i ei vanskelig tid

Mangel på kunder og handel gjør sitt til at butikker tenker nytt og kreativt.



Rektoren om den nye kvardagen: -Det er så kreativt og løysingsorientert, at eg har ikkje ord!

Rektor ved Vinstra ungdomsskole Tone Granskogen er sprekkferdig av stoltheit over korleis kollegane og elevane hennar har takla overgangen til ein digital kvardag.


Ferdig utlærte til sommaren

Nå er studentar på plass, klare til å ta i eit tak.

- I ein situasjon der fleire medarbeidarar er sjuke og i karantene nå om dagen, er dette ein vinn-vinn-sak. Vi får hjelp på lageret med å erstatte fråvære og takle ekstra vareutgang, vi får ein ekstra sikkerheit i forhold til å kunne drifte viss fråværet aukar enda meir, seier Stensrud.

Driftssjefen ser også fleire fordelar ved å hente inn sommarvikarane nå.

- Nå blir dei ferdig opplærte til sommaren, og det vil og fungere som tilkallingsvikarar framover, og vere med å jobbe når det er noko ekstra, seier Stensrud.

Studentane hjelper til både på lageret og i produksjonen. Stensrud presiserer at alle vikarar er sjekka så ingen har korona-symptomer, eller vore i kontakt med nokon som har det.

- Vi håpar, og reknar også med, at pengane studentane tener vil kome godt med, seier driftssjefen.