Frøning vald ut til prestisjefyld britisk samling

Det britiske forlaget Oberon Books gav nyleg ut ei samling av de seks mest interessante dramatiske verka i norsk samtidsdramatikk, med Pernille Dahl Johnsen frå Sør-Fron sitt stykke "Et unikt menneske"

Dramatikar: Pernille Dahl Johnsen frå Sør-Fron er vald ut med stykket "Et unikt menneske" til ein britisk antologi med norske samtidsdramatikarar. Sist vi høyrde frå ho var med "Rett og vrangt i Baksia kommune", musikkteateret med dølarock frå Baksia.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Storbritannias leiande teaterforlag, Oberon Books, har vald ut seks dramatikarar til eit verk med det dei ser på som dei mest interessante verka i norsk samtidssdramatikk, i “The Oberon Anthology of Contemporary Norwegian Plays”.

Nå er samlinga distribuert til heile verda via Amazon, i engelsk språkdrakt.


Ut i verda og tett inn på gudbrandsdølen

Ho kom nett att etter å ha fått eit stykke sett opp i Chiles hovudstad. Parallelt har ho gjort eit djupdykk i den dølske identiteten.


Same som Jon Fosse

–Å bli vald ut av dette forlaget opplever eg som utruleg ærefullt; det er jo dei som gjev ut Jon Fosse også, sier Dahl Johnsen, som bur på Sør-Fron og driv teaterkompaniet Johnsen & Johnsen produksjoner SA.

– Det er heilt rått at stykket mitt nå blir tilgjengeleg over heile verda, seier ho.

Sist vi høyrde frå Johnsen var med "Rett og vrangt i Baksia kommune", musikkteateret med dølarock frå Baksia. Det stykket var bestilt av Peer Gynt teaterlag, som ein hyllest til bandet Baksia.


«Per Gynt teaterlag fortjener ros, for det er fortsatt liv i Baksiun, men ...»

Det skriver Dølens utsendte, etter å ha sett premieren av "Rett og vrangt i Baksia".


"Ny trend"

Forlaget Oberon syner til ei veksande interesse i Europa for norsk dramatikk, og seier i antologien at Dahl Johnsens verk inngår i ein ”rising trend in Norwegian theatre” med skodespelarar som skriver teaterstykke og spelar i dei sjølv.

–Det er rart å bli skildra som éin som er med i ein ny trend, når eg har halde på med dette i 17 år, seier Dahl Johnsen, som sjølv har spela i sitt eige stykke både i Edinburgh, Brighton og Chile.