Fylkesmannen konkluderer: Braut loven overfor vaksne med utviklingshemming

Vaksne med utviklingshemming som mottek tenester frå Ringebu kommune, er ikkje sikra å få forsvarleg personleg assistanse, konkluderer Fylkesmannen etter tilsyn. Tilsynet konkluderer også med at dei ikkje er sikra naudsynt forsvarleg helsehjelp i eigen heim.

Fylkesmannen avdekkjer lovbrot i Ringebu, i samband med tilsyn med tenester til vaksne med utviklingshemming som mottek kommunale tenester.   Foto: Guiro Vollen/arkiv

Nyheter

Lovkrava som ligg til grunn for tilsynet er klare. Det skal ligge godt spesifiserte skriftlege vedtak med grunngjeving og konkrete individuelle vurderingar av den enkelte tenestemottakarens behov, til grunn for tenestene kommunen yter.