Frank gav bort 200 støvmasker til legekontoret

- Ei heilt uvurderleg gåve, seier dei tilsette på legekontoret i Sør-Fron om Frank Løkken og firmaet Injeksjon og Sikring si gåve i koronakrisen.

Frank Løkken overrekte gåva - på god avstand - til Elisiv Teigen, Unni Dalbu og Kristine Brenden Kolås på Sør-Fron legekontor.  Foto: B. sletten

Nyheter

Vanlegvis blir støvmaskelageret til Frank Løkken og sørfronsfirmaet Injeksjon og Sikring AS brukt i arbeid med vasstetting i fjell og betongkonstruksjonar, som for eksempel Operatunnelen i Oslo og Follobanen. Nå kjem dei til nytte i kampen mot koronaviruset.

- Eg såg i media at det var manko på smittevernutstyr, og tenkte at her må ein bidra med det ein kan, seier Frank Løkken.

Firmaet Injeksjon & Sikring vart etablert i 1993, og har spesialisert seg på vasstetting i fjell og betong samt fjellsikring og sprøytebetong. Dei har 40 års erfaring innan fagfeltet sitt.

- Det er mykje støvete arbeid, for å seie det slik, og vi bruker derfor mykje av desse maskane i arbeidet vårt, seier Løkken.


Slik jobber de på sykehuset innlandet: -Analysene pågår for fullt

Avdeling for medisinsk mikrobiologi i Sykehuset Innlandet har bare denne uka analysert om lag 3.000 koronaprøver.


Har fleire på lager

Og han har fleire av maskene - made in China - på lager, dersom det skulle trenges.

- Det kjem godt med, det er ei veldig fin gåve, i og med at smittevernutstyr nå er mangelvare, seier Unni Dalbu og Kristine Brenden Kolås om dei 200 maskene dei nå har fått.

Og maskene er av riktig type.

- Det er akkurat slike masker vi har brukt i helsetenesta i Sør-Fron nå siste tida. Vi har også brukt vanlege kirurgiske munnbind, men det er slike masker vi må bruke når det gjeld smittevern, seier Elisiv Teigen.


Fylkesmannen vil ha status på smittevernutstyr

Fylkesmannen i Innlandet ber kommunene komme med rapport og stauts på smittevernutstyr i hver enkelt kommune.


Har fleire maskar liggjande?

Helsetenesta prøver nå aktivt å få tak i meir smittevernutstyr som følgje av den pågåande koronapandemien. Oppmodinga frå Legekontoret til andre næringsdrivande i kommunen, er klar:

- Om fleire har slikt utstyr liggjande, så ta kontakt med oss.

Noko handtrykk vart det sjølvsagt ikkje mellom Løkken og dei tilsette på legekontoret.

- Vi får la vera det nå, smiler Løkken, som istaden fekk med seg ektefølt takk frå dei tre damene.

Kommunalsjef Britt Åse Høyesveen med maskene donert til kommunen fra Murmester Halvorsen.  Foto: Ringebu kommune

Gavmild murmester Halvorsen

Også i Ringebu har ein næringdrivande forbarma seg over kommunens trang til hjelp med ekstra smittevernutstyr i desse Corona-tider. Murmester Halvorsen har donert 60 ansiktsmaskar som helsetenesta i Ringebu kommune kan har fått overta til si bruk. Maskene er allereie overlevert til Ringebu kommune.